Viser innlegg med etiketten Galleri Havblink. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Galleri Havblink. Vis alle innlegg

Redigert blogg, lettare å finne fram?

Har i dag redigert litt på bloggen slik at den skal verte lettare å finne fram dersom ein ynskjer å få smykker og øyredobbar sortert frå kvarandre. Likeeins sølv sortert frå nikkelfritt materiale.
Har også justert litt på prisane. Det som skulle vere ein hobby ser no ut til å bli ei lita god bedrift som berre veks! Får stadig bestillingar og har snart nådd fjordårets omsetning 2 gonger! Godt eg registrerte Smykkestøa som einmannsforetak like etter nyttår....! Så no har eg som mål å bygge dette opp til ei lita bedrift som etter kvart, håpar eg i alle fall, skal verte ei ekstrainntekt dersom det skulle bli mangel på jobb i framtida her ute i øyane. For å klare dette må det sjølvsagt til med litt prisar som kan gje rom for litt meir enn "litt attåt".  MEN, eg justerer også rabattane:  Studentar og skuleelevar får no 20% rabatt på nikkelfritt materiale, 30% rabatt på sølv.

Mine nye sølvsmykker

Eg har nett lagt ut ein del nye sommersmykker og øyredobbar i nikkelfritt materiale. Har laga ganske mykje sølvsmykke også, i det siste, men desse vert nok kun å sjå i Galleriet i Bulandet. Salget har gått såpass bra at eg ikkje har kapasitet til å legge ut sølvsmykker på bloggen i tillegg. Men meir sommersmykker og litt anna blir det sjølvsagt i løpet av sommaren! Tenker det vert litt påfyll i løpet av helga :-)

Her er ein liten smakebit frå Galleriet:








I dag har eg vore og lagt inn nye smykker i Galleri Havblink i Bulandet. Desse smykka har eg ikkje bilde av, men Vivian har ope for julehandel kvar onsdag og torsdag kl 16:00 - 19:00 fram til og med 17.desember for den som vil ta ein kikk på smykka eg har her. PS: ho har mykje anna fint og! Absolutt verdt et besøk!