Redigert blogg, lettare å finne fram?

Har i dag redigert litt på bloggen slik at den skal verte lettare å finne fram dersom ein ynskjer å få smykker og øyredobbar sortert frå kvarandre. Likeeins sølv sortert frå nikkelfritt materiale.
Har også justert litt på prisane. Det som skulle vere ein hobby ser no ut til å bli ei lita god bedrift som berre veks! Får stadig bestillingar og har snart nådd fjordårets omsetning 2 gonger! Godt eg registrerte Smykkestøa som einmannsforetak like etter nyttår....! Så no har eg som mål å bygge dette opp til ei lita bedrift som etter kvart, håpar eg i alle fall, skal verte ei ekstrainntekt dersom det skulle bli mangel på jobb i framtida her ute i øyane. For å klare dette må det sjølvsagt til med litt prisar som kan gje rom for litt meir enn "litt attåt".  MEN, eg justerer også rabattane:  Studentar og skuleelevar får no 20% rabatt på nikkelfritt materiale, 30% rabatt på sølv.

Nr 69

Øyredobbar med perler, firkantede swarovski-rondeller med
blå steiner, og nikkelfritt materiale.
Kr 70,-


Nr 68

Øredobber med perler og nikkelfritt materiale.
Kr 70,-