Det begynte i det små med laging av smykker i nikkelfritt materiale, men etter kvart har det blitt bare meir og meir bruk av ekte sølv. I og med at eg driv i det små ligg eg under momsgrensa, og då kan eg ta lave priser både på gull og sølv! Forrige år auka omsetninga såpass at eg no har registrert Smykkestøa i Brønnøysundregisterene. Ein gledeleg overrasking at eg måtte til med registrering allerede no!
For det meste lager eg opp eit lite utvalg som eg har til salg for dei som stikk innom døra heime hos meg, eller til eit stand på ei julemesse eller Nordsjøporthelga. Men aller mest går det i spesialbestillinger frå folk som setter seg ned og ser på kva utvalg eg har i perler og anna. Enten kjem dei heim til meg, eller så tar eg turen heim til folk og tek med meg alt utstyret. Alt er pakka i to vesker, så det er fort gjort å ta det med!Har reparert ein del smykker i det siste, og det er faktisk noko av det kjekkaste! :-) Så lenge det kan settast inn nye deler klarer eg å reparere det meste. Eg har ikkje gull liggande, det må i så fall bestillast. Men eg bestiller kvar månad, og gjerne fleire gongar for månaden, så det er heilt ok! Det same gjeld dersom folk ynskjer andre farger på perlene eg har brukt på smykkene. Her må eg kanskje bestille. Har eit bra utval etter kvart, så det er ikkje umulig at eg allerede har det folk spør etter.
Eg hadde vel aldri venta at eg skulle få så god respons på dette med smykkelaging! Men jo meir eg driv med det, jo meir koser eg meg! Så de må ikkje vere redd å ta kontakt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar